Abonner på nyhende

Registrer deg her om du vil få tilsendt ein e-post kvar gong det kjem noko nytt på våre sider.
Din Epost-adresse:
 

Sideteller:
vaarsprett 2014 - vanlig format (1).jpg

Vårsprett - med fokus på grunnlovsjubileet

Torsdag - 10. april 2014 - kl. 18.14 - 20.14 Førdehuset - Storsalen Førde Kulturskule presenterer dette året ei framsyning med grunnlovsvri. Elevane framfører innslag av kjente melodiar og songar som heidrar Norge som sjølvstendig nasjon. Kunstelevane har hatt fokus på å tenke kreativt rundt nybygg for kulturskulen - dette vert vist på bakveggen på scena. For første gong har vi med våre nye teatergrupper på Vårsprett og dei kjem til å dramatisere Shakespeare. Elles vert dei ei herleg blanding av små og større grupper, klassisk og rytmisk musikk, band og soloinnslag, så du kan berre gle deg til å kome og nyte! Til å lose oss gjennom framsyninga har vi vår eminente kommunalsjef for kultur, Trond Ueland.
Les meir »   02.04.2014

bu.jpg

Brukarundersøking - Førde Kulturskule 2014. Takk for innkomne svar!

Vi har avslutta brukarundersøkinga og kjem til å presentere resultata på denne sida når rapportane er ferdige. Takk for innstasen til deg som svarte!
Les meir »   24.02.2014

Bilde_av_Peter.jpg

Drømmestipendet

Dei flotte nominerte frå Førde kommune er: Peter Kollstrøm Heilevang, gitar og Thea og Synnøve Løland, klassisk ballett De kan oppleve fylket sine nominerte laurdag 29. mars i Operahuset på Eid. Velkomne!!
Les meir »   08.03.2014

images.jpg

Infobrev vår 2014

nr. 4
Les meir »   21.01.2014

IMG_20131210_202848~3.jpg

Peter K. Heilevang fekk Tæl-stipend. Gratulerer!

Vi er stolte over vår gitarelev Peter Kollstrøm Heilevang som har fått Sparebank 1 sitt Tæl-stipend på 5000,- Peter har Jacob Wyrtz som lærar og er eit flott talent på sitt instrument. Han er også med i Laurdagsskulen.
Les meir »   19.12.2013

pris_5225988a.JPG

Gratulerer Arvid Anthun!

Arvid og Gro Anthun fekk kommunen sin kulturpris
Les meir »   19.12.2013

_MG_0112B Photo Arvid Anthun.jpg

Bilete Jul i Førdehuset 14.12.2013

Tusen takk for ein kjempeflott dag til alle elevar som spelte. Du finn bilete her.
16.12.2013

n_tteknekkaren007_5217579a.jpg

Dansa jula inn

Sjå flotte bilete og les om dei to fantastiske Nøtteknekkar framsyningar!
Les meir »   09.12.2013

Gnoming__2__5182793a.JPG

Har du sett gnomane i sentrum?

Flott artikkel i Firda den 14.11.2013 om eit morosamt kunstprosjekt ved visuelle kunstfag og læraren Ingjerd Monsen Hjelmeland.
Les meir »   18.11.2013

123.JPG

Talentutvekslingsprosjekt Polen/Norge 2013-2015

I veke 8 (vinterferien 2014) skal 40 norske (Sogn og Fjordane og Hordaland) og 40 polske elevar møtast i Białystok til eit symfoniorkesterprosjekt. Desse 80 skal igjen møtast i Bergen og Sogn og Fjordane i veke 25 til øving og konsertar. Turen i februar (veke 8) markerer oppstarten på prosjektet med litt ekstra festivitas, og blir den første i ei rekkje ‘møter’ mellom unge musikarar frå begge land.
Les meir »   17.10.2013

Synne Askevold.jpg

Gratulerer Synne Askevold!

Gratulerer så mykje til Synne Askevold som skal få vere solist med KORK på Eid i november!! Vi gleder oss til konsert!
Les meir »   16.09.2013

Pedersen.jpg

Endeleg teatertilbod, oppstart 18.9!

Vi kan med glede melde at vi no endeleg kan starte opp teatertilbod igjen. Lærar vert Jeff Pedersen, ein kjent person i skodespelarkretsar. Han vil ta elevane med på ei spanande reise til teaterverda. Skynd deg og sikre deg ein av plassane no!
Les meir »   22.08.2013

Laurdagsskule bilde 2013-14.JPG

Laurdagsskule 2013 - 2014

Laurdagsskulen er eit fylkesdekkande tilbod til talentfulle, unge musikarar mellom 12 og 19 år. Snakk med læraren om du er interessert! Søknadsfrist: 1. juni 2013
Les meir »   14.05.2013

RSS

Kalender


Førde Kulturskule helsar nye søkjarar velkomne. Vi er eit lovfesta kommunalt tilbod og har som oppgåve:

  • å vere ein «kulturskule for alle» i kommunen og regionen. Omlag 420 elevar har plass i kulturskulen dette året og 19 lærarar er tilsett for å gje dei eit best mogleg tilbod.
  • å produsere eigne framsyningar, konsertar og utstillingar.
  • å drive Laurdagsskulen for musikktalent i Sogn og Fjordane.
  • å bidra med dirigent og instruktørtenester til det frivillige kulturlivet i regionen.
  • å selje musikartenester både lokalt og regionalt gjennom distriktsmusikarordninga.
  • å stille med kulturinnslag på møter, konferansar o.a.
  • å drive kulturskule i Naustdal. Der har vi over 40 elevar på fleire ulike fag, der dei fleste får undervisninga i Naustdal.
  • å gje eit gratis kulturskuletibod for 3. klasse gjennom "Kulturkarusellen" skuleåret 2013-14.
 
Søknadsfrist: hovudopptak er 15. mai. Men du må gjerne søke heile året.
På nokre tilbod har vi dessverre venteliste.
 
Velkommen som søkjar!
Med venleg helsing

Trude Skarvatun, rektor


 
 


 Klikk her for å sjå på fleire biletesamlingar!
 
bilde_nr_7.jpg

Om undervisninga og instrumentleige

Det er vanleg at elevane nyttar eige instrument, men kulturskulen har strykeinstrument og blåseinstrument til leige for kr 450,- per semester.
Les meir »   20.04.2010

577511_405509016133978_148665018485047_1441318_928188016_n.jpg

Tilbod med kort eller ingen venteliste

Det fins diverre mange fag her på kulturskulen som har venteliste. Men nokre instrument eller grupper har nesten ikkje ventetid. Sjå på denne lista kor det er muleg å få plass med litt eller ingen ventetid.
Les meir »   07.11.2012

Mosaik heile scena.jpg

Mosaik

er eit prosjekt som rettar seg mot asylsøkjarar/flyktningar der ein bruker musikk og musikkterapi i integrering, helsefremjing og terapi. Prosjektet er eit samarbeide mellom Førde Kulturskule, Førde Barneskule og Fylkessenter for Musikkterapi og er finansiert av midlar frå utdanningsdepartementet (gjennom Kulturløftet 2)
26.10.2012

RSS